Førde
skulemusikkorps vart skipa 6. november 1968. I starten var det
berre musikantar som utgjorde korpset, men sidan har vi òg
fått ein god drilltropp å vere stolte av.
Vedtektene
for Førde skulemusikkorps seier at «Førde skulemusikkorps
skal ivareta og utvikle korpsmusikk gjennom opplæring, motivering
og god organisasjon. Drive tilleggsaktivitetar som drill, ensamblespel,
storband og liknande når det er interesse for det.» .:Meir
om oss » Siste nytt:
.: I tida som kjem... »
.: Stavdrillen 2006 »
.: Heidundrande årsfest . »
Torsdag 14. desember:
Korspet spelar to julekonsertar:
- I sparebanken kl. 16.00. Oppmøte 15.45
- På Førde storsenter kl 17:00 i samband med BKK avtalen.
Ha på korpsgenser, svart bukse og svarte sko. Ta med nissehue om du har.
Søndag 7. januar:
Dugnad på Europris
Til denne dugnaden treng vi ca 25 - 30 personer (to og to skal jobbe i lag).
Det er sett opp liste over kven som skal møte til denne dugnaden. (ein føresett til kvart medlem). OBS !!! Viktig at alle møter.
Dei som ikkje står på lista vil bli sett opp til neste år. Dersom de ikkje kan møte, gi beskjed og prøv å bytte.
Oppmøte søndag 7. januar blir kl 10.00.
Grana er tent. No kan jula berre kome!
Som vanleg var det mykje folk på Langebrutorget då Førde skulemusikkorps inviterte til julegrantenning med gløgg, julesongar og fakkeltog til julemessa i Førdehuset.
Innandørs i idrettshallen blei det også trong for fleire bord og stolar enn riggegjengen hadde rekna med, men det kan vi ikkje klage over. Julemessa er tross alt korpset sitt hovudarrangement for året. I år hadde vi òg med gjestar frå Danseverkstaden til Jorunn Reina, så i tillegg til korpskonsert fekk vi sjå både hiphopnissar, drilljentene våre, rocka juleenglar og musene sin kamp mot ein vill og galen ostebit.
Stavdrillen 2006 SMS frå Anne S.Ramberg, 12.11, kl. 19:24: Vi har ein veldig gira gjeng med oss heim, klar for meir trening og nye utfordringar. Reine vitaminsprøyta dette. :-)
SMS frå Anne S. Ramberg, 12.11, kl. 19:12: Veit ikkje heilt kva plassering duetten fekk. Vi sit på bussen heim. Vi drog før premieutdelinga. Rekna med at dei kom på 4. plass :-) Vi er fornøgde, fekk kun trekk for 3 stavmist, så dei gjorde ei flott framvising i dag. Men dei andre hadde så mange fleire poeng i går så vi fann ut at vi ikkje greide å ta dei igjen :-)
SMS frå Anne Sunde Ramberg 11.11., kl.21:09: Duetten kom til finalen. Troppen (3.div. red.anm.) kom på 9. av 13. Dei var veldig flinke, mendet var mange andre som eg synets skulle vore i 2. divisjon.
SMS frå Anne Sunde Ramberg kl.14:52 No er tropp 2 pynta og klar til innsats. Dei skal konkurrere kl. 16.15. Duetten er ferdig, men vi får ikkje resultatet før seinare i kveld. :-) Sender meir info seinare. Her er god stemning og alle er ved godt mot. :-)
Kalendersalet er i gang! Følg med i tida, kjøp skulemusikkorpset sin kalender for 2007. Også denne sesongen kan vi tilby innbyggarane i Førde, familie, slekt og vener av nokon i korpset tre ting på ein gong med på ferda inn mot advent jul og nyttår.
Du får eit lodd på hovudgevinsten under julemessa i Førdehuset, eit vakkert bilde av byens første, største og så langt beste skulekorps og full kontroll over framtida. I alle fall kva dagar dei ulike datoane og høgtidene kjem på i 2007. Så om du ikkje treng løpe og kjøpe, kan du i alle fall ta vel imot korpset sine musikantar når dei bankar på døra.
Heidundrande årsfest
Torsdag 2. november hadde vi årsfest på Dolly Dimples i Førde med stjernedryss, årsmedaljar, og skøytemoro. Alle delar av korpset var med; Korpsskulen, juniororkesteret, drilltroppane og musikktroppen.
Først var det utdeling av medaljar, så var det servering og video frå fylkemsmeisterskapen på storskjerm. Nesten tjue store pizzaer måtte til før alle hadde fått sitt, og så dundra musikken i gang mens skøytene fekk bein å gå på, -eller omvendt.