Heim

 På menyen:

.: Til hovudsida :.

Drilljenter på sommarkurs i Ørsta

Ingrid og Kristin hadde ei utruleg lærerik og kjekk veke i Ørsta, 7. til 13. august 2006.

Dei reiste med bussen aleine måndag morgon, og spenninga var høg. Dei fann fram til Møre Folkehøgskule og her skulle dei bu i lag med 90 musikanter og 20 drillarar i ei heil veke.

Dei drilla i 6 timar kvar dag, ein marsj og to showprogram skulle lærast på denne veka. Om kveldane hadde dei sosiale aktiviteter som biljard, volleyball, spel, tv-stove, handletur i sentrum m.m. Søndagen var det avslutningskonsert og drill oppvisning for foreldre og søsken.

Ingrid og Kristin hadde stort utbytte av denne turen og håper dei kan få reise til neste år óg. Vi som foreldre synest det var kjekt å ta turen til Ørsta på søndagen og få sjå alt dei hadde lært og opplevd på denne veka i sommarferien sin.

Leiarane skrytte av ein utruleg flott gjeng med barn og ngdomar som hadde vore der denne veka. Dei hadde ikkje hatt så mange på kurs der før. Kursa har dei drive med der i mange år.

- Bjørg Nygård


Kurset, som varte i 56 timar, omfatta:

  • Samdrill i tropp
  • Drilldans og paradedrill
  • Oppvarmingsrutinar
  • Gruppeinstruksjon
  • perfeksjon grunndrill dans
  • Oppvisning
  • Sosiale og sportselege fritidsaktivitetar
Drillkurs1
Drillkurs 2
Drillkurs 3
FSMK 2004 © 21.11.2006 « Tilbake :.