
01.07 20.04: Takk for turen.
Ha ein fin sommar!
01.07 18.56: Lavik nå
01.07 16.25: No køyrer vi frå Bergen
01.07 15.45: M/F Fjord Norway har klappa til kai i Bergen.
01.07 09.15: Nesten heime, nærmare bestemt Stavanger
30.06 15.10: «B'bye, England!»
30.06 14.08: «Nå er vi på båten fra England til Norge.»
30.06: Så var eventyret over, og det er på tide å vende nesa heimover. Det har vore opplevingsrike dagar og framleis er det nesten to døgn til bussen stoppar i Førde. Så det er ikkje heilt slutt på moroa sjølv om dei er på heimveg.
29.06: Fjord Norway er no friskmeldt, og rederiet får skryt både av Mattilsynet og Sjøfartsdirektoratet. - Det er farlegare å handle på Rema, blir det sagt.
Sjå pressemelding frå Fjordline
29.06: BT.no fortel i dag at Fjord Line har desinfisert båten som skal ta korpset vårt heim på fredag.
- Etter råd fra smittevernoverlegen desinfiserer vi de mest utsatte områdene ombord. Dette gjelder særlig toaletter og andre fellesareal der det ferdes mye folk, sier linjedirektør i Fjord Line Jan Petter Eilertsen.
28.06: Etter tysdagen med konsert og parade i Scarborough, var korpset onsdag på tur innover i Yorkshire til byen York. Her fekk dei omvising i engelsk og til dels norsk vikinghistorie. Eit musikals innslag sto dei òg for på Parliament Street i York.
Leiarane på turen er elles blitt varsla om oppslaget i bt.no om problema med virus og magesjau som flere reisande hatt etter å ha vore på tur med Fjord Norway.
27.06: Helga og Jacob fekk ei lita jente som heile korpset er 'tanter og onklar' til. Sprøs om ikkje det blir feira på Euro-disco'en utover kvelden.
27.06: I dag er det uniformsdag i Scarborough. Korpset skal spele konsert i Brunswick Pavilion som ligg midt i sentrum av Scarborough. Seinare i ettermiddag skal dei gå parade samen med dei andre korpsa som er med på festivalen.
25.06: Kl. 19.30, heilt etter seglingsplanen, kom meldinga om at korpsmedlemmane ombord på M/F Fjord Norway hadde fått land i sikte. Det tyder at dei var i land kl. 18 lokal tid, ein time etter norsk tidsrekning. No har dei berre ei bussreise som er kortare enn Førde-Bergen foran seg før dei er framme i Scarborough.
25.06: Ikkje noko nytt, må vere godt nytt. Rundt midnatt var i alle fall alt vel idet Fjord Norway la frå land i Stavanger. Det kostar å ringje heim frå både båten og utlandet, så vi skal ikkje vente for mange livsteikn frå ferdafolket før nettkafèane opnar i Scarborough på måndag. Ankomst Newcastle er berekna til kl.18 lokal tid, kl.19 her heime. Dei skal vere framme, innlosjerte og ete kvelds kl.21.30/22.30. Etter det treng dei å samle seg og roe ned etter eit døgn på reise.
24.06: Litt over kl 19 kom dei første bilda frå båten etter avgang frå Bergen. Via MMS blir det rapportert om høg stemning ombord og forventingar omtrent på bristepunktet.
24.06. 11.07: Ein buss søkklasta med forventingfulle korpsmeldemmar, bagasje og instrument forlot Førde med kurs for ei veke speling og moro i Scarborough, to timar sør for Newcastle.