Heim
 På menyen:

.: Til hovudsida :.

Fylkemeisterskapet for korps
24. - 26. mars 2006

Styret seier tusen takk

Styret i Førde skulemusikkorps vil takke alle som var med og bidrog til at Førde skulemusikkorps gjennomførte eit velykka mesterskap 24. – 26. mars.

Arrangementet i Førdehuset gjennomførte vi meget godt. Vi holdt alle tidsfrister og tilbakemeldingane vi har fått er meget gode. Dette har vi grunn til å være stolte av.

Vi er klar over at enkelte blei hardt belasta med vaktordninger denne helga. Vi ser i ettertid at det var litt for lite folk – men vi brukte alle som vi hadde tilgjengelig og en del personer måtte gå doble vakter.

Vi hadde utfordringer med overnattingen på skulane. Her hadde vi litt lite vakter og hadde ikkje forberedt oss godt nok på alle punkter. Men alt i alt gjekk det fint.

Vi vil nok en gang takke alle for innsatsen.

Helsing
Styret i Førde skulemusikkorps


Takk for besøket og vel heim

So var festen over og gjestane har reist heim. Nokre med smil og gledje, andre kanskje med tankar om kva som ikkje heilt fungerte. Men alle har fått nye erfaringar og veit at dei tilhøyrer ei rørsle der alle spelar ei rolle anten dei er ni eller nitten, nybegynnarar eller gamle og garva, spelar pikkolo eller tuba.


Heimesiger i debuten

Ensemblet vårt har øvd saman sidan i fjor haust, ein time før korpsøvinga kvar torsdag og litt ekstra før fylkesmeisterskapen på heimebane. Dei har valgt ut og arrangert musikken sjølv, faktisk heilt opp til rett før dei skulle på podiet i ensembleklassen. Der feide dei inn med spelegledje, humør og musikalitet. Resultatet vart 90 poeng, 1.plass i debuten og vill jubel.

Vi gratulerar Ingvild, Mari, Solveig, Anders, Simen og Erlend, og alle andre som spelte, drilla og hang i stroppen heile helga.


Til topps i drillduett senior

Heider og ære på drilljenteneFor første gong på lenge var korpset vårt ikkje berre representerte i troppsdrill og janitsjarklassen. På heimebane dukka det òg opp tre solistar, eit ensemble på seks og ein drillduett i seniorklassa. Det tyder på at vi har både bredde, høgde og er trygge på at det går an å prøve seg. Neste år håpar vi å finne endå fleire førdianarar i ymse klassar og konkurransar. Her er resultata våre:

  • Solist kl.1
    Erlend Sekkelsten, trompet - nr. 5, 88 poeng
    Espen Hjelmeland, altsaxofon - nr. 7, 86 poeng
  • Solist kl.2
    Solveig Warvik, fløyte - nr. 4, 89 poeng
  • Ensemble kl.2
    Nr. 1, 90 poeng
  • Janitsjar
    Nr. 4, 88 poeng
  • Drill, 3. divisjon
    Tropp 2 - nr. 6, 36,1 poeng
  • Drill, duett senior
    Anette Mulen/Liv Unni Stuhaug - nr. 1, 81.25 poeng

Gratulerar med innsatsen!



NMF-logoVelkommen til Førde!

Førde skulemusikkorps har som teknisk arrangør gleda av i invitere alle korps i Sogn og Fjordane til NMF sitt fylkesmeisterskap for korps og drill. Arrangementet går av stabelen i Førdehuset frå fredag 24. til søndag 26. mars 2006.

Fullstendig deltakarliste (PDF)
Øvingstider for solistane (PDF)
Oppdaterte tider for solistar og ensemble (PDF)
• Informasjon til deltakarane (PDF)
• Vaktliste for fylkesmesterskapet (PDF)
• Fullstendig komitèliste (PDF)
• Invitasjon, info og program frå NMF (PDF)
Sjå elles den nye arbeidsplanen for 2006!


Viktig melding til musikantane:
Finn fram kalenderen og sett av desse øvinghelgane. Oppmøte her er like obligatorisk som ellers. Vi treng alle på plass om det skal bli verkeleg bra.

  • 4. og 5. februar
  • 11. og 12. mars

I fjor vann vi ein flott 2. premie i Måløy. No har vi heimebane og eit naturleg mål må gje fjordårsvinnarane som nærast har hatt klippekort på førsteplass dei siste åra avløysing. Vi har òg lagt ut ein oversikt over tidlegare plasseringar Førde skulemusikkorps har oppnådd. Den visar at vi har noko å forsvare.


Det har så langt skjedd mykje hovudkomitè- og styrearbeid, men no på nyåret kjem arbeidet til å bli meir synleg ettersom alle komiteane og medlemmane der blir sette i sving innanfor ansvarsområda sine. Vi håpar på at alle gjer sitt for at dette skal bli ei uforgløymeleg hending i skulemusikkorpset si historie.

Tysdag 20. desember var det synfaring i Førdehuset for hovudkomitèen og komitèleiarar. Neste steg er bindande påmelding for konkurransedeltakarane. Denne gongen ser det ut til vi får sjå fleire av musikantane våre som solistar og ein duett er på trappene i drillkonkurransen. No vert det spanande!


FSMK 2004 © 07.04.2006 « Tilbake :.