Ensemblet vårt har i lpøet av våre blitt ein musikalsk attraskjon i Førde langt utover det som har med vanleg korpsmusikk å gjere. Ved fleire høve har folk for syn for segn om at korpsfolk kan meir enn å spele marsjar på 17. mai.
Først vann dei si klasse under fylkesmeisterskapen for korps på heimebane no i vår. Denne seieren har sidan bane vegen for ei rad andre oppdrag. Både den eine og den andre har engasjert våre dyktige 'seniorutøvarar', dei er alle dei mest røynde innan si instrumentgruppe, til bidra musikalsk i svært ulike samanhengar.
Ikkje mange dagane etter meisterskapen var kommunen frampå og sikra seg ei musikalsk forundringspakke då helse - og sosialsjef Asbjørn Fjose blei feira i forbindelse med sektiårsdagen hans. Under ein pause i festen blei musikarar og instrument smugla inn. Etterpå var det kraftig applaus, fotografering og gode ord både til jubilanten og musikken.
Neste framsyning kom under sommarkonserten til Jølster Musikklag på Vassenden. Skulemusikkorpset var inviterte som gjestar, og sjølvsagt fekk sekstetten framføre glansnumra dei sjølv hadde arrangert til korpsmeisterskapen. På Vassenden var og Helena Bremer til stades og ho ville ha ensemblet med på ei teaterforestilling som ho planla i den gamle meierigarasjen. Der skulle dei forsterke eit komp-band på fem.
Og gjett om dei gjorde! For ein fullsatt garasje med over to hundre tilskodarar bidro våre seks sterkt til at cabareten HOMOR satt som ei kule og applausen ikkje ville ta slutt. |