
6. og 7. november
var det øvingshelg
på Sunde
skule.
For første gong øvde skulemusikk-ensembla i Førde
saman denne helga. Dirigentane Helga og Trude har fekk med
seg hjelpeinstruktørar
slik at dei
ulike instrumentgruppene øvde kvar for seg i tillegg til å spele
som eitt orkester. Dette
var moro!
Programmet var store trekk
øving i grupper og felles på
laurdagen frå 14:00 til 18:00. Vel utblåste runda vi av med
gryterett og innebandy. Ikkje slik alle trudde, men bandet
Innebandy som besto av foreldre og instruktørar.
Sundagen var det på han igjen med nye
rundar
øving frå 11:00 til 14:00. Då var det tid
for litt pause og
å kle seg om til konserten kl. 15:00. Her var Arne Hammer
konfransier.
Konsertprogrammet besto av desse verka:
| Slåtten skulemusikk |
Per Olsson han hade
|
Trad/Arr. Kurt Westerling |
| |
Amen |
Negro spiritual/arr. Magne Rutle |
| Førde skulemusikkorps |
Kjerringa med staven |
Trad./Arr. Helga L. Wyrtz |
| |
Peter Gunn theme |
H.Mancini/Arr. James Cook |
| Felles (jippi) |
O' bli hos meg |
W.Monk/Magne Rutle |
| |
Anasazi |
John Edmondson |
| |
Latin in the evening |
Magne Rutle |
| |
St.Peter |
Arr. A.R. Reinagle |
| |
Cowboyvisa |
Ukjent/Arr. Trude Skarvatun |
| |
Rødt og svart marsj |
Scott Rogers |
Vi skuldar ein stor takk til instruktørane på
seminaret:
- Helga Lied Wyrtz som lærte treblåsarane å
blåde betre. Ho er òg dirigent for Førde skulemusikkorps
- Trude Skarvatun jobba med småmessingen og sørga for at
dei fekk mykje betre lyd. I tillegg er ho dirigent for Slåtten
skulemusikk.
- Johan Bengtsson og Asjørn Våge delte ansvaret for mellommessingen,
så dei vart kjempegode.
- Knut Mikkelsen lærte bort uvurderlege tips til grovmessingen.
- Arne Hammer sørga for at slagverkarane slo meire taktfast
og korleis dei kunne finne att notene sine.
Dette var første, men heilt sikkert ikkje
siste gongen alle skulekorpsa i Førde hadde seminar
og konsert i lag. |
Nokre av treblåsarane
Småmessinggruppa
Mellommessing
Messing av grovt kaliber
Taktfull slagverksgruppe
Slåtten skulemusikk in concert
Førde skulemusikkorps for full musikk
- og fleire bilde finn du her »
|