Saman
med eit knippe andre frivillige lag og organisasjonar i Førde
var skulemusikkorpset til stades då Sparebanken Sogn
og Fjordane i Førde delte ut ein del av overskotet
frå i fjor. Totalt fekk 468.000 kroner bein å gå på.
Idrettslaget
fekk naturleg nok mest, men saman med speidarane og fleire
andre mottok styreleiar Per Arne Hjelmeland 20 000 blanke
kroner til bruk i korpset. Styret har enno ikkje bestemt
kva pengane skal brukast til, men kjenner vi stoda rett,
er det mange ønskjedraumar att å oppfylle.
Uansett,
vi takkar og bukkar!
Les
meir om tildelingane på Fylkesbanken sine
heimesider.
 
Oppslaget i avisa Firda frå tildelinga
|