
Lagt
ut 4.10.2004, Oppdatert
09.11.2004
Av Jan Roar Sekkelsten |
Utdrag
frå konserten:
• Napoleons
march, lyd
(MP3, 1 MB)
• Napoleons
march, video
(MPG, 2 MB)
• Napoleons
march, video
(MPG, 7 MB)
På programmet sto:
Astri, mi Astri,
Bruremarsj og Halling frå Nordfjord,
Kjerringa med staven,
Menuet av Bach, Anasazi,
Peter Gun Theme, Napoleons march og Anchors Aweigh.
Aspirantgruppa spelte
Ola Olsen og Bjørnen sover
|
Helga 2. og 3.
oktober 2004 var det lyd og låt i festsalen på Førde barneskule.
Heile dagane gjekk med til øving fram mot den store konserten
på søndagen med drill og det heile. Konserten var igjen eit
steg på vegen mot deltaking på Sogn og Fjordane- meisterskapen
til våren.
Det var ikkje fritt for
at det var ein del såre lepper og trøytte hovud etter timar
med intens trening på laurdagen. Men med godt stell frå kjøkkengjengen
gjekk det an å leve med det. Søndag morgon starta alle på ny
frisk, og sidan låt korpset berre betre og betre.
Klokka tre var som nemnt foreldre, søsken, tanter og onklar
og alle andre korpselskarar innbydde til konsert. Då fekk vi
sjå at dirigent Helga Lied Wyrtz hadde makta å forvandle saueflokken
til eit orkester med glød, harmoni og regi. Musikkstykkja vart
elegant knytt saman med små introduksjonar, og blant musikarane
sto den ene fram etter den andre med solistnummer. Her måtte
både den ene og den andre fram med lommetørklet og tørke augekroken.
Også aspirantgruppa viste at sjølv om dei er litt få, har dei
ambisjonar om å bidra sterkt når den tida kjem.
Heile konserten vart teken opp på video, og medlemmer av korpset
kan tinge seg video-CD (S-VCD) i skjema ved sidan av. Ein stor
takk til dirigant, musikarar og dugnadsfolk som fekk dette
til! |
|