Førde skulemusikk reiste i februar-04
på tur til Måndalen. Der venta det oss ei musikalsk
helg saman med Ytre Suløen og Tricia Boutte (frå New
Orleans). Vi var ca. 30 musikantar og 5 vaksne med. Vår
etterkvart så faste og trivelige bussjåfør,
Helge Førde, guida oss trygt oppover, og vi kom fram
i god tid. Vi installerte oss på skulen, på eit
guterom og eit jenterom. Vi vaksne vart godt mottekne med kaffi
og heimbakst på kjøkkenet. Kl. 18:00 møttest alle i gymsalen, 100 musikantar samla,
og så var vi i gang ! Det var utruleg å sjå og
høyre kva Ytre Suløen fekk til, utan notar, kun
med eit instrument i handa ! Rett og slett ei oppleving! Sidan
gjekk det slag i slag, med fellesøvingar og gruppeøvingar.
Elles gjekk det i matpausar, brannvakter, kortspel, gangsperre
i indre organ, tannfelling, munnsår, meir øving
m.m. Laurdagen tok vi vaksne, utanom Rune, ein tur til Åndalsnes.
Der var det sur vind, så vi tok oss litt kaffi og kaker
på ein kafé, og reiste ganske raskt tilbake. Vi
hadde med oss Otta-gjengen.
Musikantane øvde og øvde, målet var konserten
på søndagen. Per Kristian rekna ut at dei spelte
i til saman 18 timar den helga ! Under høglyta protestar
fekk vi med oss alle til ein konsert i kyrkja laurdagen. Dagen
vart avslutta med diskotek. Siste dansen tok dei i pysjen.
Søndag var det siste finpuss, og kl. 16:00 var det avslutningskonsert.
Ein kjempeflott konsert !!! Etterpå var det rett i bussen
og heim, og der landa vi kl. 00:00. Og alle var einige i at
det hadde vore ei kjempekjekk og musikalsk travel helg, både
for vaksne og musikantar!
Sundag
08.02.2004 20:55
SMS frå Rune Nøtseth:
«Konserten var kjempebra. Vi er på Hellesylt i frykteleg snøver.
Heime ca. kl. 00:30.»
undag
08.02.2004 18:00
SMS frå Erlend:
«On the road again. Can't wait to be back on the road home again.»
Sundag
08.02.2004 16:10
SMS frå Rune Nødseth:
Kyrkjekonserten (med Ytre Suløen og Tricia Bouttè) er godt i
gang. Musikantane syner at dei har hatt godt utbytte av seminaret.
Fredag
06.02.2004 14:15
SMS frå Erlend:
«E på ferja frå Stranda. Gøy på ferja, gøy
på ferja, sånt no hakke me i byn»
|








|