Musikktroppen

.: Sjå
musikkvideo :.
Førde
skulemusikkorps er det eldste og inntil hausten 2003
det einaste skulekorpset i Førde. Korpset har janitsjarbesetning,
det vil seie at vi har både treblåsarar og messingblåsarar
i tillegg til trommer og perkusjon. Hausten 2004 hadde
korpset omlag 55 medlemmar fordelte på musikktropp, aspiranttropp
og aspirantar.
Musikktroppen
spelar ved ulike høve der vi blir inviterte til å underhalde,
vi reiser på festivalar og seminar, og sjølvsagt framst
i 17. maitoget i Førde. Troppen er prega av godt kameratskap
og høg sosial faktor, så vel som musikalsk harmoni.
Dirigent
er Helga Lied Wyrtz, som òg er tilsett ved som
distriktmusikar ved Førde kommunale kulturskule.
Reportoiret er sett saman av tradisjonelt korpsmateriale,
lett blanda med filmmusikk, pop, rock og folketoner.
Vi
tek opp nye aspirantar frå 3. klasse. Desse får individuell
instrumentopplæring av eldre korpsmusikarar, ofte supplert
med timar på musikkskulen. Frå 2. aspirantåret sett vi
dei saman til eit aspiranttropp så sant mogleg. Til 17.
mai får dei uniform og går inn i musikktroppen som vanlege
medlemmar.
Vil
du vere med, så heng på! |