| Levande bokmerke |
Med levande bokmerke får du melding direkte i nettlesaren når det er noko nytt her på korpssida. Klikk på bildet, legg sida som kjem opp til som favoritt, eller bokmerke, i nettlesaren så er du i gang. |
|
| Velkommen |
 
Førde skulemusikkorps vart skipa 6. november 1968. I starten var det berre musikantar som utgjorde korpset, men sidan har vi òg fått ein god drilltropp å vere stolte av.
Vedtektene for Førde skulemusikkorps seier at «Førde skulemusikkorps skal ivareta og utvikle korpsmusikk gjennom opplæring, motivering og god organisasjon. Drive tilleggsaktivitetar som drill, ensamblespel, storband og liknande når det er interesse for det.»
|
| Takk for i dag! |
Førde skulemusikkorps takkar for ein kjempefin dag saman med resten av befolkninga i Førde. Vi jobba frå kl 09.00 til 16.00, og spelte til saman 36 marsjer. Løna var to is, ein brus og pizza til lunch pr. medlem.
Du kan klikke på bildeserien og sjå bilda eit og eit i større storleik på Expono.com |
| Avsluttingkveld i Movika |
 GrillfestTysdag 22. mai Kl. 17.00 vert det sosial samling i Movika for alle korpsmedlemmer med
foreldre og søsken. Kvar familie tek med mat og drikke sjølv. Styret syter for grillane. Om det vert regn, nyttar vi Sersjantløa.
VELKOMEN!
Last ned invitasjon |
| Program for nasjonaldagen |
 Tidsskjema for 17. mai 201217. mai er den lengste dagen i året for medlemmane i alle korps i landet. Og ikkje berre er den lang, men det er óg tettpakka program frå morgon til seine ettermiddagen. Men det går bra, berre ein veit kor ein skal vere og når, så vi slepp forseinkingar fordi det har blitt mistydingar.
Nedanfor er det ein link der de kan laste ned ein komplett køyreplan for nasjonaldagen. Last ned, skriv ut og heng den på kjøleskapsdøra eller andre stader der en lett å få auge på. Det skader sikkert ikkje å ha ein kopi i jakkelomma eller noko.
Som vanleg skal vi spele ved flaggheisinga på helsetunet, og tradisjonen tru har vi plass i toget rett bak 17. mai-komiteen og flaggborga. Tamburmajor for året er Kamilla Ramberg. Spel opp!
Last ned program for 17. mai her |
| Trøndersk mesterskap i drill 2012 |
 Ny topplassering i drilldansI helga 14. og 15. april var det trøndersk meisterskap i drill, og i klasse drilldans solo senior klarte vår eigen Kristin H. Johme å kapre ein flott 2. plass. Det var berre Mathias Langseth Eliassen, 17-åringen frå Sandnessjøen som ei veke tidlegare var i Sveits og vann heile tre gull i drill-VM, som gjorde sine saker betre enn henne.
Kristin er ein av veteranane vår i drilltroppen, og har vore med på mange konkurransar. Men sjelden har ho vore i så fint selskap og fått så god plassering. Kristin fungerar no både som drillar, trenar for dei yngre jentene og ho er koreograf. Vi gratulerar med kjempegod innsats. Vi er så stolte av deg!
Foto: Arkivfoto©Ingrid Nygård |
| Vi vant! |
Ingen over, ingen ved siden! |
| Nordvesten 2012 |
Vi blåser i Førdehuset Lørdag 10. mars går Nordvesten 2012 av stabelen i Førdehuset. Dette er ein korpskonkurranse for skulekorps frå Sogn og Fjordane. Påmeldinga har vore svært god, så det blir korpsmusikk å høyre heile dagen frå solist og ensembelklassa startar kl. 09.30 til siste korps er ferdig kl. 18.20. Premieutdelinga skal vere kl. 19.00.
For Førde skulemusikkorps ser dagen slik ut:
Fredag:
kl. 18 - 20 Øving i Førdehuset
Lørdag:
kl. 09.30 Frammøte i Førdehuset
kl. 11.25 Samling i garderoben/oppvarming
kl. 12.00-12.20 Framføring på scena
kl. 19.00 Premieutdeling.
Hugs full uniform og svarte pensko!
Les meir om Nordvesten 2012 hos NMF Nordvest |
| Midt-norsk mesterskap 2012 |
Flott innsats av flinke drilljenter Vi har alltid vært stolte av drilltroppen vår. Den er ikke for stor og har ikke altfor gode treningsmuligheter, men likevel klarer de gang på gang å markere seg i konkurranser. Lørdag 18. februar var de på Averøya og deltok i midt-norsk mesterskap, med flotte resultater. I tillegg til 'vanlig' drilldans har flere av dem nå kastet seg over nye varianter som baton twirling, en mer teknisk krevende øvelse.
Twirling
Duett senior:
1. plass, Kamilla Ramberg/Kristin Johme, 62,53 poeng
1 baton junior:
2. plass, Martina Vie, 65,73 poeng
Drilldans:
Solo junior:
2. plass, Kamilla Ramberg, 74,65 poeng
7. plass, Ingvild Sekkelsten, 57,50 poeng
Solo senior:
2. plass, Kristin Johme, 74,72 poeng
Duett senior:
2. plass, Anette Friborg/Ingvill Fleten, 52,38 poeng
Tropp:
4. plass, Førde drill tropp 1, 68,25 poeng
Vi gratulerer og er som sagt fryktelig stolte av drilljentene våre!
|
| Kalenderlotteriet er trukket |
 Vi har ein vinnar!Korpskalenderen for 2012 som blei seld i desember hadde eit lodd som ga kjøparen sjansen til å vinne ei spekeskinke gitt av Spar på Handelshuset. Trekninga er gjort, og vi har gleda av å annonsere at det er eigaren av kalenderlodd nr.246som har vunne den velsmakande gevinsten. Vinnaren kan ta kontakt med Magnus Vie på telefon 951 98 436 og avtale tid og stad overlevering av premien.Vi takkar annonsørane våre og alle som tok godt imot kalenderseljarane. På den måten har de alle vore med å styrke økonomien i skulemusikkorpset. |
| Ny dato for korpstur |
Korps til fjells Korpsturen til Hemsedal helga 2. - 4. desember måtte avlysast fordi det rett og slett ikkje var snø. Men no ligg snøen kvit, bakkar og løyper er preppa og då er det berre å pakke sekkar, vesker og godt humør. Helga 13. - 15. januar er sett som ny dato utflukten.
Opplegget i Hemsedal legg vekt på korpsgleda og det sosiale. Vi skal vere med på ymse aktivitetar ute og inne. Dei som vil kan enten stå på slalom, ake eller gå på skitur. Vi forsøker å klare oss med privatbilar, så foreldre og søsken kan gjerne bli med på turen.
Påmeldingsfrist er fredag 23. desember.
Klikk her for å laste ned skriv med nærare opplysningar og pris. |
| Fullt hus med god adventstemning |
Tusen takk, og god jul! Etter ei særs vellukka julegrantenning og julemesse i Førdehuset er det på sin plass å rette ein takk til alle som deltok; Korpsmedlemmane som spelte og viste sine drillprogram, foreldre som stilte opp med dugnadsinnsats, Ingvar Vagstad som heldt appell for adventstida og sist, men ikkje minst fleire hundre små og store som trossa sludd, regn og vind for å vere saman med oss. Tusen takk!
Ein spesiell takk vil vi likevel få rette til Steinar Sætherdal som dukka opp med ein DVD til oss. På denne plata hadde han lagt eit filmklipp frå 70-talet. Det viser 17. mai i Solheimsdalen der Førde skulemusikkorps marsjerar og spelar. Han ga oss også lov til å dele dette opptaket på nettet.
Klikk her for å sjå filmen! |
| Alt klart for julegrantenning og julemesse |
 Ingen grunn til panikk Slapp av, det blir julegrantenning og julemesse i Førde første søndag i advent i år óg. Medan Langebrutorget er eit anleggsområde der gravemaskinane jafsar i seg dei siste restene av Sølvberggården og den gamle jernvaren, har Førde kommune sett opp julegrana framfor Førdehuset. Der vil Førde skulemusikkorps som vanleg tru syte for tonefølgje og god stemning i skumringa. Vi håpar at like mange store og små finn vegen hit som det tidlegare år har vore på sørsida.
Les meir |
|
| Styre og stell |
| Leiar: | Jorunn Bakke Nydal | | | Magnus Vie | | | Bjørg Nygård | | | Marit Andersen | | | Maria Ljunglöf | | Drillansv.: | Norunn Napsholm |
| | Dirigent: | Arvid Anthun | |
| Bankkonto: | 3700.35.00625 | | Org.nr.: | NO 974 251 019 |
|
| Øvingstider |
| Musikktroppen | | Musikktropp | Må. 16.30-18.30 | |
| Aspirantar | Ty. 17.00-18.00 | | Drilltroppen | | | Nye asp. | Ty. 17.00-17.50 | | Tropp 1 | Ty. 18.00-20.00 | | Tropp 2 | To. 16.00-17.00 | | Solo/Duett | To. 17.00-18.30 | | Solo/Duett | Lø. 16.00-18.00 |
|
|