Førde skulemusikkorps
Hjem · Nyhende og nedlastingar · Fotoarkiv · Videoarkiv · Logg inn 25.01.2020
Navigasjon
Hjem
Nyhende og nedlastingar
Gammal Heimeside
Søk
Nyaste artiklar
Arbeidsplan 2010 - 2011
Arbeidsplan 2009-2010
Uniforma - om bruk o...
Arbeidsplan 2008-2009
Klart for Sommarland
Det er sommar, det er så varmt i veret at ein nesten ønskjer seg tilbake til sluddbygene i mars. Nei, så gale er det ikkje, men turen til Bø Sommarland og alle vatnaktivitetane der lokkar skikkeleg. Planane er lagt, bussen er bestilt, DJ Løv og Ravi ventar på oss og ikkje mindre enn 64 andre korps og musikklag. Dette blir ei jonsokfeiring utanom det vanlege. Vi skal spele på torget i Bø sentrum på laurdag, i sjølve Sommarland på søndag og delta i paraden til slutt. Men vi skal ikkje berre spele bra og gå pent i takt. Vi skal bade, skli, grille og spise is. Solbriller, solkrem og godt humør er påkrevd. Men det brukar ikkje vere noke problem.

Alle korpsmedlemmane er inndelte i grupper på fire som skal bu i lag og kvar gruppe har ein vaksen å forhalde seg til gjennom helga. Vi har laga ei liste med det viktigaste som bør vere med i bagasjen, men kvar av dykk veit kva de ellers treng å ta med.
Klikk her og last ned listene.

Andre nyttige nettstader:
Bø Sommarland
Sommarlandfestivalen

Arendal Guttemusikkorps skal halde oppvisning i formasjonsmarsj i parken på søndag. Dei vann NM i 2005 og tok sølv i fjor. Dette er ganske heftige saker i krysning mellom marsj og drill på samme måte som vi vanlegvis berre forbinder med Graden.
Kommentarer
Ingen kommentare er skrevet.
Skriv kommentar
Vennligst logg inn for skrive kommentarer.
Styre og stell
Leiar: Unni Kriken
 Gro Anthun
 Heidi Hagen
 Svanhild Friborg
 Marianne Lundekvam
 Ola Hjelle
 Liv Løken

Dirigent:Arvid Anthun

Bankkto.:3700.35.00625
Org.nr.:NO 974 251 019
Øvingstider
Musikktroppen 
MusikktroppMå. 16.45-18.45
AspirantarNy tid kjem
Drilltroppen 
Solo/duettMå. 19.00-21.00
Tropp 1Ty. 16.30-18.30
Tropp 2Ty. 18.15-20.00
Tropp 3To. 18.00-19.30
Tropp 4To. 16.30-18.00
Sponsorar