Førde skulemusikkorps
Hjem · Nyhende og nedlastingar · Fotoarkiv · Videoarkiv · Logg inn 19.07.2019
Navigasjon
Hjem
Nyhende og nedlastingar
Gammal Heimeside
Søk
Nyaste artiklar
Arbeidsplan 2010 - 2011
Arbeidsplan 2009-2010
Uniforma - om bruk o...
Arbeidsplan 2008-2009
Konsert med Eikanger-Bjørsvik brassband

Eit av verdas beste brassband kjem til Førde

I fjor sommar fikk vi Garden til Førde med flott konsert ved Rådhuset og ein fantastisk drilloppvisning på idrettsbana.I fjor sommar fikk vi Gardens musikk og drilltropp til Førde med flott konsert ved Rådhuset og ein fantastisk drilloppvisning på idrettsbana.

I år får vi besøk av eit av verdas beste brassband. Eikanger-Bjørsvik Musikklag kjem til Førde og skal halde Kyrkjekonsert i Førde kyrkje. Denne skal være søndag 7. juni kl. 16.00. Dei er høgt meritterte og har vore heilt i toppsjiktet i konkurransar dei har delteke i både i Noreg og utlandet.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag er eit brassband frå Lindås kommune i Nordhordland. Elitekorpset består av 30 musikkelskarar som nyttar all fritida si til å spele saman. Eikanger-Bjørsvik er verdskjent som eit brassband i toppklasse og er grossist i NM-titlar. Bandet har også vunne to europameisterskap.

Førde Skulemusikkorps er arrangør av konserten og skal også delta på konserten. To av våre korpsmedlemmer, Johanna Aase Fransson og Kristina Aase Fransson, skal være solistar saman med Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Kristina vart kåra til beste solist på Nordvesten Sogn og Fjordane i fjor, så våre beste held også høgt nivå lokalt.

Det aller kjekkaste Eikanger-Bjørsvik Musikklag veit er å få framføre musikken sin for eit interessert publikum. Vi gler oss til konserten og håpar du også har lyst til å komme.
Styre og stell
Leiar: Unni Kriken
 Gro Anthun
 Heidi Hagen
 Svanhild Friborg
 Marianne Lundekvam
 Ola Hjelle
 Liv Løken

Dirigent:Arvid Anthun

Bankkto.:3700.35.00625
Org.nr.:NO 974 251 019
Øvingstider
Musikktroppen 
MusikktroppMå. 16.45-18.45
AspirantarNy tid kjem
Drilltroppen 
Solo/duettMå. 19.00-21.00
Tropp 1Ty. 16.30-18.30
Tropp 2Ty. 18.15-20.00
Tropp 3To. 18.00-19.30
Tropp 4To. 16.30-18.00
Sponsorar