Førde skulemusikkorps
Hjem · Nyhende og nedlastingar · Fotoarkiv · Videoarkiv · Logg inn 24.02.2020
Navigasjon
Hjem
Nyhende og nedlastingar
Gammal Heimeside
Søk
Nyaste artiklar
Arbeidsplan 2010 - 2011
Arbeidsplan 2009-2010
Uniforma - om bruk o...
Arbeidsplan 2008-2009
Første marsj i slutten av april
Når lauvet sprett på trea, varar det ikkje lenge før musikkorpsa dukkar opp i gatebildet. No var det ikkje mykje til vårstemning i lufta då Førde skulemusikkorps opna utandørssesongen torsdag. Nordvestvinden var kald og sluddbygene gjekk tett. Likevel var det ingen sure miner hverken hos nykommarar eller veteranar sjølv om fingrane blei kvite og leppene blå då korpset marsjerte ut i gatene på Prestebøen.

For dette var dagen då konsertprogrammet frå i vinter blei bytta ut med vårkåte marsjar, og inn i rekkjene trådte nye tilskot frå juniororkesteret og drillen si aspiranttropp. Og lærlingane gjorde ikkje skam på instruktørane sine. Litt rust er det i røret når det er lenge sidan sist ein både skulle gå og spele samtidig, men med øvingar kvar torsdag framover skal førdianarane få oppleve eit korps i toppform til 17. mai og andre høgtider.

For skulemusikkorpset har mykje for seg framover. Allereie på laurdag er eit ensemblet sett saman av dei mest røynde musikarane frå korpset og Slåtten skulemusikk engasjert til å spele under opninga av NMF sitt krinsting på Førde Hotell. Tysdag tek musikarane fri frå skulen for å spele rekrutteringskonsertar i samarbeid med Førde kommunale kulturskule på barneskulen i sentrum og på Flatene skule. Sidan går det slag i slag fram til dei drar til Sommarlandfestivalen i Bø i Telemark i slutten av juni.

Bildet: På bildet har drilltroppen gjort seg klare til avmarsj mens snøen virvlar rundt øyrene deira.
Kommentarer
Ingen kommentare er skrevet.
Skriv kommentar
Vennligst logg inn for skrive kommentarer.
Styre og stell
Leiar: Unni Kriken
 Gro Anthun
 Heidi Hagen
 Svanhild Friborg
 Marianne Lundekvam
 Ola Hjelle
 Liv Løken

Dirigent:Arvid Anthun

Bankkto.:3700.35.00625
Org.nr.:NO 974 251 019
Øvingstider
Musikktroppen 
MusikktroppMå. 16.45-18.45
AspirantarNy tid kjem
Drilltroppen 
Solo/duettMå. 19.00-21.00
Tropp 1Ty. 16.30-18.30
Tropp 2Ty. 18.15-20.00
Tropp 3To. 18.00-19.30
Tropp 4To. 16.30-18.00
Sponsorar