Gode resultater under Nordvesten Sogn og Fjordane 2013
Over all forventning
Hele korpset, både drilltropp og musikktropp var i aksjon under Nordvesten Sogn og Fjordane lardag 9. mars i Florø. Og vi markerte oss skikkeleg på begge arenaene. Vi hadde videokamera både i konsertsalen og i drillhallen, og skal presentere høgdepunkta. Først ut er musikktroppen som etter at dei vann 3. divisjon janitsjar i fjor tok steget opp i 2. divisjon sjølv om gjennomsnittalderen gjekk ned.
Programmet hausta god applaus frå publikum, 92 poeng frå dommarane, prisen for beste program og Iver Bakke Nydal på fløyte blei kåra til konkurransens beste solist. Ikke rart vi er stolte! Sjå sjølv. Her er opptak av heile konserten.
Laurdag 9. mars skal Førde skulemusikkorps delta i Nordvesten, Sogn og Fjordane i Florø.
Musikktroppen har øvet inn et flott program som de skal presentere i 2. divisjon janitsjar, noe som er et 'opprykk' fra i fjor og djerv satsing av dirigent og unge musikere. Vi ønsker lykke til og oppfordrer alle til å ta turen til Flora samfunnshus for å høre på dem og mye annen flott korpsmusikk. Førde skulemusikkorps går på scenen kl. 11.25.
Helga 1. - 3. februar blir det full utblåsing i korpset. Musikarane har øvingshelg frå fredag til sundag, og på laurdag kvelden er det årsfest for alle. Her blir det utdeling av medaljer, årsstjerner og statuettar. Så her er det berre å trekke pusten djupt og finne fram finstasen. Øvingshelga blir avslutta med ei feiande hentekonsert sundag kl. 15.30.
Vi ønsker alle foreldre, sysken og medlemmar velkomne til årsfest laurdag 2. februar 2013 kl. 19.00 på Førde barneskule. Her er det berre for store og små å tre på seg finstasen.
Det blir underhaldning, god mat og utdeling av medaljar og statuettar.
Alle familiar tek med mat og drikke til felles koldtbord, så ordnar styret med kaffi og te.
Korpskalenderen for 2013 som blei solgt i haust hadde som vanleg eit lodd, og ein heldig vinnar kan no glede seg over å ha vunne eit gåvekort på 500 kroner frå Bellis Blomster i Handelshuset. Gåvekortet går til heldiggrisen som har lodd nr.
125
Han eller ho kan ta kontakt med Magnus Vie på telefon 951 98 436 for å avtale tid og stad for overrekkinga av gevinsten.
Elles må vi sei tusen takk til alle som har støtta Førde skulemusikkorps ved å kjøpe kalenderen, og ikkje minst sponsorane våre i næringslivet som hjelper oss økonomisk og praktisk.
Førde Skulemusikkorps er avhengig av å ha diverse dugnadar for å få hjula til å gå rundt økonomisk. Vi prøver å avgrense tal dugnadar, men vareteljinga på Europris er ein av dei viktigaste. Vi prøver å fordele arbeidet mellom foreldre til medlemmar, slik at ein ikkje skal måtte ta del i denne oftare enn anna kvart år.
I år skal vareteljinga som tidlegare varsla være søndag 6. januar og den startar kl 09.00. Det er viktig at alle møter presis, då vi startar med informasjon om korleis teljinga skal gjennomførast. Den er viktig at alle får med seg.
Vi har ikkje mykje dugnad i korpset, men dei vi har er viktige for inntektene. Kalendersalet er ein ting og julegrantenninga og julemessa i Førdehuset som nett er avvikla står for veldig mykje.
I tillegg har vi altså kontrakt med Europris på Øyrane om vareteljing i starten av januar kvart år. Der er det slik at alle korpsmedlemmar som går på ungdomsskulen eller høgare skal vere med saman med omlag halvparten av foreldre eller andre føresette. Så dei som ikkje var med på vareteljinga i 2012, må belage seg på å sette av søndag 6. januar i 2012.
Nærare informasjon vil bli sendt ut før juleferien. Så sett av denne datoen i kalenderen allereie no.
Dagen derpå vil vi takke alle korpsmedlemmar, foreldre, føresette, publikum og næringslivet i Førde for at julgrantenninga og julemessa 2012 blei eit 100 prosent vellukka arrangement. Tilrigginga gjekk som på skinner, og berre ein time etter siste trekking var hallen klar att til idrettsbruk. Takk óg til hjelpsomme menn og kvinner i Førdehuset.
Vi har aldri hatt så mange menneske innom i idrettshallen at det ikkje var bordplass nok til alle sjølv om vi tok i bruk alt som var tilgjengeleg i heile Førdehuset. Det var berre nokre få kakestykke att i kiosken og lotterinemde måtte finne fram fleire årer for å forsyne alle som ville ha. Gevinstbordet vist óg tydeleg at næringslivet i byen sett pris på korpset vårt.
Men travelt var det, så travelt at korpset sjølv ikkje har verken bilde eller video fra det som skjedde utanfor eller inne. Har du bilde eller ein videosnutt å dele med oss, så send den eller ta kontakt med fordekorps@gmail.com
Tradisjonen tru skal julegrana i Førde tennast til tonane fra Førde skulemusikkorps under leiing av dirgent Arvid Anthun. Dette skjer utanfor Førdehuset der det som vanleg blir julesongar, appell ved Ingvald Frøyen og helsing frå ordførar Olve Grotle. Som vanleg blir det sal av varm gløgg.
Etter at lysa er tent i stille grender, er det klart for årets julemesse i idrettshallen. Der blir det drilloppvising, korpskonsert, kaffi, brus, kaker og stort lotteri med masse fine gevinstar.
Med mat og god prat er dette ein god start på adventstida.
Velkomen til små og store!
Holsa-jenta Ingvill Fleten vann drilldans solo senior under Stavdrillen 2012 på Askøy laurdag 10. november. Ho oppnådde 65,10 poeng, og slo dermed alle dei fire andre konkurrentane sine i den klassen. Det var første gongen ho deltok med eit soloprogram.
Stavdrillen er ein av dei største drillkonkurransane på Vestlandet og trekk deltakarar på høgt nivå både frå nord, sør og aust. Etter at Ingvill var ferdig på golvet i Askøyhallen sa drillansvarleg i korpset at dette var nær full klaff, utan at utøvaren sjølv trudde noko særleg på det. Men då dommarane hadde sagt sitt, viste det seg kven som hadde rett.
Kristin Hammersvik Johme har koreografert vinnarprogrammet, som blei framført til musikken «Once Upon a December».
Velkommen tilbake til musikkøving fyrstkomande måndag 20. august kl. 16.30 - 18.30. Blir kjekt å starte på att. Vi skal spele allereie 1. september saman med dei andre korpsa i samband med Førde Opp. Styret stiller med forsfriskningar i pausen.
Drilltroppen startar opp med tropp 1 tysdag 21. august. Tropp 2 startar torsdag 23. august, og tropp 3 (2. årsaspirantane) møter opp tysdag 28. august. Tidspunkta finn du i spalta til høgre.