Førde skulemusikkorps
Hjem · Nyhende og nedlastingar · Fotoarkiv · Videoarkiv · Logg inn 24.02.2020
Navigasjon
Hjem
Nyhende og nedlastingar
Gammal Heimeside
Søk
Nyaste artiklar
Arbeidsplan 2010 - 2011
Arbeidsplan 2009-2010
Uniforma - om bruk o...
Arbeidsplan 2008-2009
Alt klart for julegrantenning og julemesse

Ingen grunn til panikk

Slapp av, det blir julegrantenning og julemesse i Førde første søndag i advent i år óg. Medan Langebrutorget er eit anleggsområde der gravemaskinane jafsar i seg dei siste restene av Sølvberggården og den gamle jernvaren, har Førde kommune sett opp julegrana framfor Førdehuset. Der vil Førde skulemusikkorps som vanleg tru syte for tonefølgje og god stemning i skumringa. Vi håpar at like mange store og små finn vegen hit som det tidlegare år har vore på sørsida.

Les meir
Stavdrillen 2011

Tredjeplass til Maja og Tonje

Maja Vie og Tonje Friborg kapra ei sterk tredjeplass under årets Stavdrill på Askøy i helga. Som drilldansduett i klassen preteen konkurrerte dei med tolv andre duettar. Vi gratulerar med god innsats og ein flott plassering.

Stavdrillen, den store drillkonkurransen med deltakarar frå heile sørnoreg på Askøy, er ein tradisjon for drilltroppen vår og vi kan sjå tilbake på mange gode prestasjonar og plasseringar. I år var det altså Maja og Tonje som sikra seg ein plass på pallen. Det er Kristin Johme er trenar og har laga koreografien til programmet som altså heldt til bronsemedalje og pokal i gjevt selskap

Julegrantenning og julemesse

Så er det snart jul att

No er nettene blitt lange, og sjølv om kulda ikkje har satt inn er tida inne for alle tradisjonars høgtid. Og tradisjonen tru skal Førde skulemusikkorps sørge for at julelysa i Førde tennast 1. søndag i advent, den 27. november kl. 16.00. Etterpå er det som vanleg julemesse i Førdehuset. Her blir det moro for både store og små, men også litt å gjere medførebuingane.

Les meir og last ned info!
Fotografering

Viktig melding til alle i korpset

Tida er inne for årets korpsfoto
Møt opp: Måndag 7. november kl 16.30 på Førde Barneskule

Dei som har stiller i full uniform, hugs lua/hatten, resten stiller i korpsgensar, svart/mørk bukse og mørke sko.

Har du ikkje fått korpsgensar, kan du møte opp kl. 16.20 så skal du få då.

ALLE må hugse å ha med INSTRUMENTET / DRILLSTAVEN sin.

Biletet skal brukast på korpskalenderen. Den skal vi ut å selje seinare i haust, derfor er det viktig at du kjem. Det er jo mykje kjekkare å selje den om du er med på biletet.

Last ned info, skriv ut og heng den opp så du hugsar det!
Alle gode ting er tre

Konsert, auksjon og årsmøte

Sett av kvelden mandag 24. oktober. Då inviterar Førde skulemusikkorps til tre ting på ein gong. Vi skal ha konsert, servere kaffi og ha ein forrykande auksjon, og så vi gjer unna årmøtet for 2011.

Les meir for program og saksliste til årsmøtet.
Last ned program og innkalling
På offisielt oppdrag

Vi har spelt landskamp





Då ungdomslandslaga til Noreg og Sverige (G/J15) skulle spele privatlandskampar i fotball på Førde stadion, fekk skulekorpsa i oppdrag å spele nasjonalsongane før kampane. Det skulle spelast to kampar for både jenter og gutar, så dermed blei det fire gongar «Ja, vi elskar» og «Du gamla, du fria» fordelt på to dagar. Det var litt spanande å spele eit nasjonal oppdrag, men folka frå fotballforbundet sa seg svært fornøgde med både korps, publikum og Førde IL som kamparrangør, så det kan hende vi får fleire sjansar.
Øvingshelg 9. og 10. september

Program for øvingshelga

Det er klart for den første øvingshelga for musikktroppen, og timeplanen ser slik ut:
  • Fredag kl. 18 - 21 med innlagt fruktpause
  • Laurdag kl. 10 - 15, grautservering kl. 12
  • Laurdag kveld kl. 19 - 22: Sosialkveld
    Ta med kr 50,- og snop til deling
Dette skjer er på Førde barneskule. Drilltroppen har som vanleg trening på Flatene skule frå kl. 16 - 18, og er sjølvsagt med på sosialkvelden etterpå.
Nye toner fra skulekorpset

Klar, ferdig, øv og spel!

Ein ny sesong er i gang, og med i notemappa på første øvinga hadde dirigent Arvid Anthun med seg spanande tonar frå andre land. Dette er komposisjonar som passar musikktroppen sin samansetning og nivået deira samstundes som det verkeleg kan gje publikum ein god musikkoppleving.

Som eit ledd i arbeidet for at dette skal låte så bra som mogleg på kafékonsertane utpå hausten, legg vi her ut innspelingar som medlemmane kan laste ned og høyre på når dei øvar heime. For det er ikkje nok å øve berre ein kveld i veka om det skal bli klang og samspel av det. Barei ti-femten minutt kvar dag, men gjerne meir, vil gjere stor forskjell når salen er full av søsken, foreldre, tanter og onklar.

Så klikk deg inn, last ned, lytt og lær!
Tid og stad for musikkøvingane

Øvingstider for musikktroppen

Velkomne til nytt semester!!
Arvid Anthun har no tatt over som fast dirigent etter Helga.

Musikktroppen øver måndager kl. 16.30 – 18.30
Musikksprirantane øver tysdager 17.00 – 18.00
Øvingane for både musikk og drill tek til i veke 34, frå måndag 22. august.

I september blir det øvingshelg og sosialkveld. Det kan kome fleire arrangement utover hausten. I januar satsar vi på ski- og spelehelg i Hemsedal.

Klikk her for å sjå høgdepunkta vi har planlagt utover hausten
Tid og stad for drilløving

Øvingstider for drilltroppen 2011-2012

Nytt skule år betyr starten på ein ny korpssesong. Og det betyr igjen nye øvingstider. i år har vi fordelt tid og plass for drilltroppen på denne måten.

Tirsdag 17.00-17.50 Nye aspirantar, trenar Ingvill og Martina (Førde Ungdomskule)
Tirsdag 18.00-20.00 Tropp 1: Ingvill, Martina, Maja og Tonje, trenar Kristin (Førde barneskule)
Torsdag 16.00-17.00 Tropp 2: 2. års aspiranter, trenar Kristin (Førde barneskule)
Torsdag 17.00-18.30 Solo/Duettar (Førde barneskule)
Lørdag 16.00-18.00 Solo/Duettar (Flatene skule)
Glimt frå ein stålande dag

Programmet for dagen var mykje «same procedure as last year» og vergudane fann ut at vi kunne trenge litt vatnavkjøling, men det la ingen dempar på innsatsen. Den var så god frå start til slutt at juryen for mest feststemte innslag i toget utropte drilltroppen vår som vinnarar. Den prisen var vel fortent, men dei må nok finne seg i å dele noko av æra med musikktroppen som la eit solid komp og tonefylgje til koreografien.

Side 6 av 15 << < 3 4 5 6 7 8 9 > >>
Styre og stell
Leiar: Unni Kriken
 Gro Anthun
 Heidi Hagen
 Svanhild Friborg
 Marianne Lundekvam
 Ola Hjelle
 Liv Løken

Dirigent:Arvid Anthun

Bankkto.:3700.35.00625
Org.nr.:NO 974 251 019
Øvingstider
Musikktroppen 
MusikktroppMå. 16.45-18.45
AspirantarNy tid kjem
Drilltroppen 
Solo/duettMå. 19.00-21.00
Tropp 1Ty. 16.30-18.30
Tropp 2Ty. 18.15-20.00
Tropp 3To. 18.00-19.30
Tropp 4To. 16.30-18.00
Sponsorar