Open drilltrening for nye aspirantar
Publisert av webmaster den 03.06.2014 21:50

Har du lyst å prøve om drill er morosamt?

Drilltroppen i Førde skulemusikkorps skal ta opp nye aspirantar til hausten. Treningane vert i gymsalen på Førde barneskule frå kl. 17 - 18.
Så har du lyst til å drille, danse, delta i konkurransar og gå først i 17. mai-toget, kan du komme innom for å helse på og prøve litt sjølv.

Vi har opne treningar desse torsdagane i vår:

5. juni
12. juni

Du finn oss i gymsalen på Førde barneskule frå kl. 17 til 18.

Vil du melde interesse, eller det er noko du lurer på, kan du ta kontakt med oss på e-post eller tlf. 971 03 475.