Årets korpsbilde
Publisert av webmaster den 18.11.2014 00:14

Førde skulemusikkorps 2014-2015

Reiakvam Foto har tradisjonen tru tatt årets stasbilde av heile korpset med alt frå aspirantar til veteranar. Og staden for fotograferinga var sjølsagt amfiet ned mot Jølstra framfor det nye rådehuset. Vi håpar de likar det.

Men i år bryt vi tradisjonen med å selgje kalender med bilde av korpset på. I staden skal kjem vi til å selje NMF sin adventskalendar. Ein kalendar med 24 luker som skal skrapast og har flotte premiar.
Vi skal selje desse på Coop Extra fredag 28. og laurdag 29. november. I tillegg vil vil selje denne på julemessa den 30. november. Så medlemmer og foreldre må sette av helga 28. til 30. november til korpsaktivitetar, og vi håpar at alle korpsvener i Førde som tek turen til butikken vil støtte oss ved å kjøpe.