Klart for julemesse
Publisert av webmaster den 19.11.2015 17:28

No er det snart jul igjen!


Styret i Førde Skulemusikkorps har starta arbeidet med å førebu julemessa, som skal være i Førdehuset søndag 29. november.

I samband med messa må vi få inn premiar til lotteriet vårt. Vi har prøvd å fordele arbeidsoppgåver på alle familiar som har medlemmer i korpset.

De som tidlegare har fått e-post om dette, er sett opp på å kontakte næringslivet i Førde for å spørje om premiar. Korpset er noko dei fleste er positive til og veldig mange gjev premiar til oss.

Nedanfor finn de ei oversikt over kven som er sett opp på dei ulike områda i Førde. Har de spørsmål om noko i samanheng med det eg sender ut så tar de kontakt med Magnus Vie.

De vel sjølve kva tid de vil gå rundt. Mi erfaring er at det kan være lurt å ringe dei bedriftene de skal besøke på førehand, Då kan dei førebu seg litt. Då treff du gjerne leiar/eigar også og slepp at butikktilsette for eksempel må gjere avklaringar før dei kan gje noko.