Heimkomst
Publisert av webmaster den 23.06.2016 13:18

Vinnarane kjem heim

Foto: Unni Kriken

Torsdag 23. juni kjem dei ferske vinnarane av 3. divisjon janitsjar for skulekorps heim att til Førde. Møt opp og ta vel imot dei utanfor Førde barneskule kl. 16.00! De må gjerne ta med flagg. Prestasjonen vil bli feira med velkomstklemmar, jubelrop og is.

Det var aurdag 18. juni Førde skulemusikkorps gjekk heilt til topps i 3. divisjon under NM for skulekorps janitsjar. Dirigent var Arvid Anthun. Meisterskapen gjekk av stabelen i Larvik, og dette var første gongen både korpset og musikantane deltok i eit NM. Frå dommarane fekk dei 96 poeng, noko som var to poeng meir en andreplassen og altså ein soleklar siger. Etter å ha feira laurdagskvelden dro korpset til Nordsøfestivalen i Danmark. Dei fortener å bli tatt særs godt imot når dei no kjem heim.

Resultatet i NM kjem ikkje heilt overraskande etter at dei vann også under fylkjesmeisterskapen i våres. Det ligg lang og målmedviten innsats frå både musikantar, dirigent og styre bak dette resultatet, og syner at når vilje og innsats er tilstades kan ein oppnå det utrulege.

Klikk deg inn for å sjå og høyre!
Utvidet nyhet

Opptaket er frå fylkesmeisterskapen Nordvesten 2016,