Førde skulemusikkorps
Hjem · Nyhende og nedlastingar · Fotoarkiv · Videoarkiv · Logg inn 26.03.2019
Navigasjon
Hjem
Nyhende og nedlastingar
Gammal Heimeside
Søk
Nyaste artiklar
Arbeidsplan 2010 - 2011
Arbeidsplan 2009-2010
Uniforma - om bruk o...
Arbeidsplan 2008-2009
Uniforma - om bruk og vedlikehald
Utanom store instrument er uniforma den største investeringa i skulemusikkorpset. Difor er det viktig at uniformene våre blir tatt godt vare på så de kan vere fine i mange år framover. Vi har satt samen ein liten oversikt over det viktigaste å passe på.

Uniforma tilhøyrer korpset
Heile uniforma, dvs. jakke, bukse/skjørt,lue/hatt, slips, støvlettar, korpsgenser, kortarma korpsskjorte og regnfrakkar er Førde Skulemusikkorps si eigedom. Medlemmane eller føresette må difor kvittere for å ha fått det utlevert. Dersom eit medlem sluttar i korpset, skal uniforma straks leverast til rensing.

Når den er ferdig, tek du kontakt med uniformanemda for å avtale tidspunkt for levering. Uniforma skal ikkje leggast inn på Førdehuset eller på instrumentlageret på barneskulen utan avtae med nemda.
Dette er viktig for at vi skal ha oversikt over uniformene til ein kvar tid.

Byte av uniform eller delar av denne
Dersom uniforma eller delar av den blir for små og må byttast, kan de ta kontakt med uniformsnemnda via skjema her på nettsida. Ved bytte skal den delen av uniforma som skal leverast inn vere ferdig rensa.
Buksene skal ikkje klippast av i lengda. Legg dei opp med hand, bruk ikkje symaskin. Flekkar på uniformane på fjernast straks. Er du i tvil, ta kontakt med uniformsnemda.

Kvit langarma skjorte kjøper de sjølve.

Merker og anna:
- Lua til musikarane skal ha lyre og dusk foran.
- Det skal vere ei lyre på kvart av jakkeslaga.
- Musikarane festar opptil fem årsstjerner i breidda på brystlomma.
- Ikkje sy igjen lomma når det sett på stjernene. Frå sjette stjerna begynner ein på ny rad over lomma. Ikkje under som tidlegare sagt.
- Merke frå fylkesmeisterskapen plasserast over stjernene og lomma.
- Deltakarmedaljer frå stemne skal hengast på på lomma og nedover.
- På drilljakkene skal stjernene festast på skulderklaffane
- Drillen festar medaljer og merke mellom knappestolpane midt foran.

Merke på jakkeermane:
På venstre arm skal merke med korpsnavn syast på fem centimeter under skuldersaumen. NMF sin hovudsponsor skal ha sitt merke sydd på ein halv centimeter under korpsmerket.
På høgre arm skal korpset sin generalsponsor syast på i same høgde som korpsmerket, fem centimeter under skuldersaumen.

Reglar for bruk av uniforma
Uniforma skal berre brukast når du er saman med korpset, eller du representerar korpset i offisielle samanhengar. Då og elles når det er gitt melding om å bruke uniform, skal heile uniforma brukast. Du skal ikkje bruke vanlege bukser, shorts, tights eller treningsbukse til uniformsjakke.

Du skal bruke mørke strømper og heilt svarte sko til uniforma. Ikkje fotball-, jogge- eller skatesko. Heller ikkje brune sko.

Uniforma skal oppbevarast på klehengar, helst med plast over. Du kan evt. bruke regnfraken.

Er det elles noko du er i tvil om når det gjeld bruk og handsaming av uniforma, ta kontakt med nokon i styret eller uniformsnemnda.
Styre og stell
Leiar: Unni Kriken
 Gro Anthun
 Heidi Hagen
 Svanhild Friborg
 Marianne Lundekvam
 Ola Hjelle
 Liv Løken

Dirigent:Arvid Anthun

Bankkto.:3700.35.00625
Org.nr.:NO 974 251 019
Øvingstider
Musikktroppen 
MusikktroppMå. 16.45-18.45
AspirantarNy tid kjem
Drilltroppen 
Solo/duettMå. 19.00-21.00
Tropp 1Ty. 16.30-18.30
Tropp 2Ty. 18.15-20.00
Tropp 3To. 18.00-19.30
Tropp 4To. 16.30-18.00
Sponsorar